Norsk 2: Lese- og skriveopplæring, nettstudium - Videreutdanning

Sammendrag
p
Varighet: 1 år
Utdanningen holdes på: Norsk
Studielån/Stipend: Ja
Heltid/Deltid: Deltid
Søknadsfrist: 15.april
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda plus
Studiesteder: Fjernundervisning
Type utdanning: Videre- og etterutdanning
Høgskulen i Volda

Norsk 2: Lese- og skriveopplæring, nettstudium - Videreutdanning

Norsk 2: Lese- og skriveopplæring, nettstudium - Videreutdanning

Norsk 2: Lese- og skriveopplæring, nettstudiumGod lese- og skriveopplæring er ein føresetnad for læring i alle fag for alle, og særleg for dei som kan utvikle lese- og skrivevanskar eller har norsk som sitt andrespråk. Med vektlegging av leseopplæring, skriveopplæring og digital kompetanse tek studiet for seg tre av dei fem grunnleggjande ferdigheitene i Kunnskapsløftet. Studiet gir derfor ei aktuell og relevant kompetanseheving knytt til gjeldande læreplanverk.

Studiet er retta mot læraryrket og dei utfordringane lærarar møter i sitt daglege virke knytt til lese- og skriveopplæring i grunnskulen.

Utdanningens mål

Gjennom lese- og skriveopplæringa får elevane ein tekstkompetanse som er avgjerande for deltaking i skule og utdanning, i arbeidsliv og samfunnsliv. For å kunne ruste elevane til å bli deltakarar i eit tekstbasert samfunn må norsklæraren ha kunnskap til å tilby ei tilpassa og differensiert lese- og skriveopplæring.

Etter å ha fullført studiet skal studentane

· ha utvikla kunnskap om ulike teoriar og ulik praksis knytt til lese- og skriveopplæring, slik at dei kan planleggje gode undervisningsforløp, grunngi dei og evaluere dei

· kunne kartleggje og vurdere det faglege nivået til elevane og tilby ei tilpassa og differensiert lese- og skriveopplæring, også til elevar med lese- og skrivevanskar og elevar som har norsk som sitt andrespråk

· ha kunnskap både om korleis dei kan stimulere lese- og skrivelyst, og om korleis dei kan drive ei opplæring der elevar får kjennskap til ulike lese- og skrivestrategiar tilpassa kontekst og føremål

· ha kunnskap om korleis IKT skaper nye arenaer og nye føresetnader for kommunikasjon og kunne gjere seg nytte av det som norsklærar.


Opptakskrav/Søknad

Fullført Norsk 1 i allmennlærarutdanninga eller norsk i førskulelærarutdanninga

Studiepoeng (ECTS)

30

Utdanningens struktur

Undervisninga blir organisert med fem tyngdepunkt og går over eitt studieår. Tyngdepunkta består av leksjonar som presenterer og aktualiserer viktige emne i studiet. Etter kvart tyngdepunkt arbeider studentane med arbeidskrav som krev at dei reflekterer rundt både samlinga, relevant pensum/teori og tankar om eigen klasseromspraksis.

Studiet er lagt opp for to målgrupper:

  • Studentar som har Norsk 1 i allmennlærarutdanninga og vil ta påbygging for å stette kravet i kompetanseforskrifta om 60 stp. i norsk for å undervise på ungdomssteget
  • Studentar som har Norsk 1 i allmennlærarutdanninga eller Norsk i førskulelærarutdanninga som vil fordjupe seg i norsk for å bli ressurspersonar i faget på barne- og mellomsteget.

Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr 6000 + semesteravgift.

Studiefakta, Tittel m.m

Videre- og etterutdanning

Høgskulen i Volda

Velkommen til Høgskulen i Volda

Til Volda - og vidare

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?

I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!

Kvifor velje Volda

Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda? 

Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir. 

Ut i verda?

Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen. 

Høgskulen i VoldaGi litt av deg sjølv - få masse tilbake!

Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.


plusVis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Jeg vil vite mer!

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Norsk 2: Lese- og skriveopplæring, nettstudium - Videreutdanning:

* =  Obligatorisk felt
Errors
*
*
*
*
*
» Til informasjon
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Kontakt Høgskulen i Volda
 
Vil du vite mer?

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Norsk 2: Lese- og skriveopplæring, nettstudium - Videreutdanning:

Motta nyhetsbrev om utdanning
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:
» Til informasjon
Omtaler
Skriv en skoleomtale!
Nyhetsbrev
Abonner på fjern-undervisning.no nyhetsbrev om studier! Les mer Les mer