Norsk (nordisk) fordjupingsstudium, nettbasert - Videreutdanning

Sammendrag
p
Varighet: 1 semester (heiltid) / 2 semester (deltid)
Utdanningen holdes på: Norsk
Studielån/Stipend: Ja
Heltid/Deltid: Heltid/deltid
Søknadsfrist: 15.april
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda plus
Studiesteder: Fjernundervisning
Type utdanning: Videre- og etterutdanning
Høgskulen i Volda

Norsk (nordisk) fordjupingsstudium, nettbasert - Videreutdanning

Norsk (nordisk) fordjupingsstudium, nettbasert - Videreutdanning

Norsk (nordisk) Fordjupingsstudiet i norsk (30 stp.) er eit nettbasert tilbod som gir deg høve til spesialisering i moderne språklege og litterære emne. Fordjupingsstudiet gir deg ei meir solid plattform enn den du har frå årsstudiet. Det har du nytte av anten du skal bruke kompetansen som norsklærer eller i andre yrkessamanhengar.

Studiet høver godt dersom du vil undervise i norsk på ungdomssteget i grunnskulen eller i den vidaregåande skulen. I så fall bør du velje både eit språkleg og eit litterært emne. Ein kan søkje om å få studiet innpassa i bachelorprogrammet i språk og litteratur. Studiet kan òg vere del av grunnlaget for opptak på mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur og på mastergradsstudium i kulturmøte, begge ved Høgskulen i Volda, eller andre relevante mastergradsstudium ved andre utdanningsinstitusjonar.

Utdanningens mål

Fordjupingsstudiet byggjer vidare på kunnskapar frå årsstudiet, men krava til sjølvstendig arbeid (i form av oppgåveskriving) og teoretisk innsikt er større. I litteraturdelen av studiet legg vi vekt på at teksten både har ei estetisk form og ein meiningsfunksjon innanfor ein historisk-kulturell samanheng. Gjennom arbeid med livshistorier i biografiar og romanar, og eit emne som Litteratur og sjukdom, går vi inn i sentrale problemstillingar i nyare litteraturvitskap. I språkstudiet kan du anten arbeide med framveksten av den nynorske skriftkulturen eller med talemål i endring.

Arbeidet med oppgåva gir deg høve til å utvikle analytisk innsikt og trening i å skrive i ein vitskapleg sjanger.


Opptakskrav/Søknad

60 stp norsk (årsstudium) eller tilsvarande.

Studiepoeng (ECTS)

30

Utdanningens struktur

Haustsemesteret

  • NO203 Livshistorier: Biografi og roman
  • NO201 Nynorsk skriftkultur
  • Bacheloroppgåve / individuell oppgåve i litteratur eller språk

Vårsemesteret

  • NO204 Litteratur og sjukdom
  • NO205 Talemål i endring
  • Bacheloroppgåve / individuell oppgåve i litteratur eller språk

Studiet kan setjast saman av eit språkleg og eit litterært emne, eller eit emne i anten språk eller litteratur og eit individuelt oppgåveemne i same disiplin i det påfølgjande semesteret. Du vel sjølv om du vil ta eitt eller to emne pr. semester.

Undervisninga vert gitt i form av nettleksjonar og individuell oppgåverettleiing.

Studiefakta, Tittel m.m

Videre- og etterutdanning

Høgskulen i Volda

Velkommen til Høgskulen i Volda

Til Volda - og vidare

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?

I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!

Kvifor velje Volda

Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda? 

Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir. 

Ut i verda?

Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen. 

Høgskulen i VoldaGi litt av deg sjølv - få masse tilbake!

Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.


plusVis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Jeg vil vite mer!

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Norsk (nordisk) fordjupingsstudium, nettbasert - Videreutdanning:

* =  Obligatorisk felt
Errors
*
*
*
*
*
» Til informasjon
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Kontakt Høgskulen i Volda
 
Vil du vite mer?

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Norsk (nordisk) fordjupingsstudium, nettbasert - Videreutdanning:

Motta nyhetsbrev om utdanning
This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:
» Til informasjon
Omtaler
Skriv en skoleomtale!
Nyhetsbrev
Abonner på fjern-undervisning.no nyhetsbrev om studier! Les mer Les mer