Innføring i norsk folkemusikk
Kvifor innføring i norsk folkemusikk?
I dette studiet får du auka din praktiske og teoretiske kunnskap om norsk folkemusikk og dans og om korleis du best kan bruke denne kunnskapen i grunnskolen. Du vil få arbeide med praktisk repertoar, bl.a. song og dans som kan nyttast i undervisninga.
Dette lærer du på innføring i norsk folkemusikk
Studiet gjev ei oversikt over dei norske folkemusikktradisjonane slik dei er i dag og ein bakgrunn i dei historiske forholda som har skapt tradisjonane.
Gjennom praktisk tilnærming skal du oppleve, diskutere og prøve ut korleis ulike emne kan formidlast med tanke på kompetansemåla i musikkfaget. Stoff frå dei regionane som er relevante for studentane blir prioriterte.
Kva slags jobb får du?
Studiet vil høve som vidareutdanning for musikklærarar, som del av musikklærarutdanning eller som del av ei universitetsgrad.
Samlingar
Det blir samlingar frå onsdag kveld til fredag ettermiddag:
- 6. - 7. september 2018
- 18. - 19. oktober 2018
- 15. - 16. november 2018
USN – Et av landets nyeste universiteter
Den 4. mai 2018 ble Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN) til Universitetet i Sørøst-Norge (USN). Dette gjør dem til et av Norges nyeste universiteter, og det fjerde største av Norges ti universiteter. USN tilbyr profesjonsorientert og arbeidslivsrettet utdanning, forskning og kunnskapsformidling med...
Les mer og vis alle utdanninger ved Universitetet i Sørøst-Norge